Kartlegging av 0-gruppe fisk utanfor norskekysten i april-mai 1990 [HELP 36]
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/115275Utgivelsesdato
1990Metadata
Vis full innførselSammendrag
I 1985 starta Havforskningsinstituttet undersøkjingar for om mogeleg å få eit mål på årsklassestyrken av sei allereie på 0-gruppe stadiet. Dei kartlagde årsklassane i 1985 og 1986 byrjar no å gjere seg gjeldande i fisket, men foreløpig er det klart at 1985-årsklassen er svakare enn venta og 1986-årsklassen ser heller ikkje ut til å vere spesielt talrik. Nord for Stad, derimot, er det desse årsklassane som til no har gjeve dei høgaste 0-gruppe indeksane. I 1990 registrerte vi den lavaste 0-gruppe indeksen sidan undersøkjingane starta. Sør for Stad har det vore vanskelegare å finne rette tidspunkt for kartleggjing av 0-gruppe sei, og i 1988 og 1989 var vi truleg for tidleg ute slik at yngelen var for liten for våre reiskap. I 1990, derimot, registrerte vi den høgaste 0-gruppe indeksen for sei sør for Stad sidan undersøkjingane her starta i 1986. Det har også blitt kartlagt mengd og utbreiing av 0-gruppe sild, gråsteinbit, torsk, hyse o.a.. Krill og den tiarma blekkspruten Gonatus fabricii har kvart år vore eit viktig innslag i faunaen i det undersøkte området. Temperatur og saltinnhald blir også grundig kartlagt.