Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAndersen, Kaja Christine
dc.contributor.authorFjeldheim, Per Tommy
dc.contributor.authorGlover, Kevin Alan
dc.contributor.authorHarvey, Alison C.
dc.contributor.authorSkaala, Øystein
dc.date.accessioned2024-03-14T11:39:17Z
dc.date.available2024-03-14T11:39:17Z
dc.date.created2024-03-11T10:55:41Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3122404
dc.description.abstractHovudfokus ved feltstasjonen i Etne er miljøeffektar av havbruk, som genetisk påverknad frå rømt oppdrettslaks, lakselus og virussmitte. I 2023 vart fiskefella i Etneelva sett i drift 11. april og registreringa pågjekk til 8. november. Det var noko redusert fangseffektivitet i løpet av sesongen pga høg vassføring. I tilsaman 9 driftsdøgn (4% av driftstida) var fangsten i fella redusert pga høg vassføring. Tilsvarande reduksjon i fangsteffektivitet har vi også hatt i tidlegare år med 12 driftsdøgn (6% av driftstida) i 2022 og 9% i 2021. Fyrste villaks blei registrert i veke 19 og fyrste rømling i veke 29. I alt vart 2684 fiskar handtert på fella i 2023, mot 4063 i 2022, 3746 i 2021, 5093 i 2020 og 2693 i 2019. Av dei registrerte fiskane var 1095 villaks,1543 sjøaure, 23 pukkellaks og 23 rømte laks. I 2023 hadde 50% av villaksen vandra opp pr. veke 29, ni veker tidlegare enn rømlingane. Som tidlegare år dominerte storlaksen tidleg i oppvandringa medan terten dominerte i slutten av oppvandringsforløpet. For rømlingane registrert på fella varierte storleiken frå 0,59 kg til 6,31 kg, med ei overvekt av individ på 1,0 til 3,0 kg. Skjellkontrollen stadfesta oppdrettsbakgrunn til alle dei registrerte oppdrettslaksane. Av dei 23 registrerte rømlingane på fella, var 39% kjønnsmodne og 61% umodne. Gjennom uttaksfisket om hausten nedstraums fella i sone 1 og 2, vart det fanga 15 oppdrettslaksar. Av dei vart 2 (13%) klassifisert som modne, 13 (87%) vart klassifisert som umodne. Frå sportsfisket blei det rapportert inn 3 oppdrettslaksar nedstraums fella. Av dei 3 rapporterte rømlingane nedstraums, vart to verifisert ved skjellkontroll, og ein vart vurdera som villaks. I dei resterande skjellprøvane frå sportsfisket nedstraums fella, blei det ikkje oppdaga flerie rømlingar. I skjellmaterialet av villaks teke i fiskefella er det heller ikkje funne flerie rømlingar. Basert på registreringane i fiskefella og rapporteringar av sportsfisket i Elveguiden, er andel rømt fisk i 2023 redusert frå 2,1 % til omlag 0 %. Rundt 10 personar var i større eller mindre grad engasjert på fella og Havforskingsinstituttet sitt budsjett for drifta var ca 4 mill kroner med tillegg på 0,5 mill kroner frå OURO. Feltstasjonen i Etneelva framstår no som eit av dei mest nøyaktige målepunkta i Europa for rømt oppdrettsfisk, villaks og sjøaure. Med utgangspunkt i merksemda som feltstasjonen i Etneelva har fått i forskings- og forvaltingsmiljøa, er det etablert ei referansegruppe for Fjord- og elvelaboratoriet for å bidra til kunnskapsdeling og -utvikling og sikra best muleg utnytting av data, materiale og ressursar.
dc.description.abstractRømt og vill fisk i Etneelva 2023 - Resultat fra Fjord- og Elvelaboratoriet i Etne
dc.language.isonoben_US
dc.publisherHavforskningsinstitutteten_US
dc.relation.ispartofRapport fra havforskningen
dc.relation.ispartofseriesRapport fra havforskningen;2024 - 6
dc.titleRømt og vill fisk i Etneelva 2023 - Resultat fra Fjord- og Elvelaboratoriet i Etneen_US
dc.title.alternativeRømt og vill fisk i Etneelva 2023 - Resultat fra Fjord- og Elvelaboratoriet i Etneen_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.description.versionpublishedVersion
dc.source.pagenumber22en_US
dc.source.issue2024 - 6en_US
dc.identifier.cristin2253415
dc.relation.projectHavforskningsinstituttet: 15888
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel