Rømt og vill fisk i Etneelva 2023 - Resultat fra Fjord- og Elvelaboratoriet i Etne
Andersen, Kaja Christine; Fjeldheim, Per Tommy; Glover, Kevin Alan; Harvey, Alison C.; Skaala, Øystein
Research report
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3122404Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Hovudfokus ved feltstasjonen i Etne er miljøeffektar av havbruk, som genetisk påverknad frå rømt oppdrettslaks, lakselus og virussmitte. I 2023 vart fiskefella i Etneelva sett i drift 11. april og registreringa pågjekk til 8. november. Det var noko redusert fangseffektivitet i løpet av sesongen pga høg vassføring. I tilsaman 9 driftsdøgn (4% av driftstida) var fangsten i fella redusert pga høg vassføring. Tilsvarande reduksjon i fangsteffektivitet har vi også hatt i tidlegare år med 12 driftsdøgn (6% av driftstida) i 2022 og 9% i 2021. Fyrste villaks blei registrert i veke 19 og fyrste rømling i veke 29. I alt vart 2684 fiskar handtert på fella i 2023, mot 4063 i 2022, 3746 i 2021, 5093 i 2020 og 2693 i 2019. Av dei registrerte fiskane var 1095 villaks,1543 sjøaure, 23 pukkellaks og 23 rømte laks. I 2023 hadde 50% av villaksen vandra opp pr. veke 29, ni veker tidlegare enn rømlingane. Som tidlegare år dominerte storlaksen tidleg i oppvandringa medan terten dominerte i slutten av oppvandringsforløpet. For rømlingane registrert på fella varierte storleiken frå 0,59 kg til 6,31 kg, med ei overvekt av individ på 1,0 til 3,0 kg. Skjellkontrollen stadfesta oppdrettsbakgrunn til alle dei registrerte oppdrettslaksane. Av dei 23 registrerte rømlingane på fella, var 39% kjønnsmodne og 61% umodne. Gjennom uttaksfisket om hausten nedstraums fella i sone 1 og 2, vart det fanga 15 oppdrettslaksar. Av dei vart 2 (13%) klassifisert som modne, 13 (87%) vart klassifisert som umodne. Frå sportsfisket blei det rapportert inn 3 oppdrettslaksar nedstraums fella. Av dei 3 rapporterte rømlingane nedstraums, vart to verifisert ved skjellkontroll, og ein vart vurdera som villaks. I dei resterande skjellprøvane frå sportsfisket nedstraums fella, blei det ikkje oppdaga flerie rømlingar. I skjellmaterialet av villaks teke i fiskefella er det heller ikkje funne flerie rømlingar. Basert på registreringane i fiskefella og rapporteringar av sportsfisket i Elveguiden, er andel rømt fisk i 2023 redusert frå 2,1 % til omlag 0 %. Rundt 10 personar var i større eller mindre grad engasjert på fella og Havforskingsinstituttet sitt budsjett for drifta var ca 4 mill kroner med tillegg på 0,5 mill kroner frå OURO. Feltstasjonen i Etneelva framstår no som eit av dei mest nøyaktige målepunkta i Europa for rømt oppdrettsfisk, villaks og sjøaure. Med utgangspunkt i merksemda som feltstasjonen i Etneelva har fått i forskings- og forvaltingsmiljøa, er det etablert ei referansegruppe for Fjord- og elvelaboratoriet for å bidra til kunnskapsdeling og -utvikling og sikra best muleg utnytting av data, materiale og ressursar. Rømt og vill fisk i Etneelva 2023 - Resultat fra Fjord- og Elvelaboratoriet i Etne