Kartlegging av antibiotikaresistente bakteriar i marine skjel
Svanevik, Cecilie Smith; Grevskott, Didrik Hjertaker; Bernssen, Lena Skår; Lunestad, Bjørn Tore; Sanden, Monica
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2562428Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
På oppdrag for Miljødirektoratet, har HI undersøkt førekomst av antibiotikaresistente bakteriar i marine skjel samla inn langs Norskekysten i perioden frå juni til august 2017. Det vart undersøkt 26 parti med skjel frå i alt 18 lokalitetar med ulik grad av menneskeleg innverknad. Totalt 252 bakterieisolat frå desse prøvane vart undersøkte for fenotypisk antibiotikaresistens, samt resistens mot eit utval tungmetall med kjende resistensdrivande eigenskapar (koppar, sink og kadmium). Bakterieisolata som vart dyrka fram utan antibiotika tilsett i vekstmediet og seinare undersøkt for resistens, gav innsyn i den generelle førekomsten av resistenseigenskaper både hos bakteriar som høyrer heime i havet og hos bakteriar tilført frå andre kjelder. Det vart og dyrka fram bakterieisolat med medier tilsett antibiotika for å fremje vekst av antibiotikaresistente bakteriar og for å betre kunne undersøkje koplinga mellom antibiotikaresistens og tungmetallresistens.