Samling av 0-gruppe sei toktrapportar 1985-1993
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2480374Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Fisken og havet (1958- ) [700]
- Publikasjoner fra CRIStin [3130]
Sammendrag
Denne rapporten er ei samling av alle toktrapportar frå dei årlege kartleggingstokta etter 0-gruppe sei (Pollachius virens) som vart gjennomført av Havforskingsinstituttet i perioden 1985-1992 for området nord for 62°N, og i 1986-1993 i Nordsjøen. Formålet med tokta var å kartleggje utbreiing og mengd av 0-gruppe sei for å få ein indeks på årsklassestyrken før yngelen kom inn til Norskekysten. Dette lukkast vi berre delvis med. Nord for 62°N lukkast vi med å dekke hovudutbreiinga av 0-gruppe sei frå gytinga sør for Lofoten/Vesterålen, men det meste av 0-gruppe sei frå gyting i Lofoten/Vesterålen hadde truleg kome inn på kysten og i ytre fjordstrøk før toktet rakk å kome dit. For Nordsjøen var tidspunktet for toktet særs viktig sidan tidleg dekking (1988-1990) gav svært lite yngel, mens yngelen hadde kome inn på kysten om vi venta for lenge. Toktserien vart avslutta då årsklassestyrken av seien målt på dette tidlege stadiet ikkje samsvara med årsklassestyrken då seien rekrutterte til fiskeria som 2-3 åringar, av ovanfor nemnte grunnar og/eller ei variabel dødlegheit på yngelstadiet.