Kartlegging av 0-gruppe fisk utanfor norskekysten i april-mai 1989 [HELP 27]
Abstract
I 1985 starta Havforskningsinstituttet undersøkjingar for om mogeleg å
få eit mål på årsklassestyrken av sei allereie på O-gruppe stadiet.
Årsklassen som vart kartlagt i 1985 er i år 4 år gamal, og byrjar no å
gjere seg gjeldande i fisket. Vi vil difor snart kunne uttale oss om
korleis den utrekna indeksen i 1985 samsvarar med kor sterkt denne
årsklassen gjer seg gjeldande i fisket. Resultata frå undersøkjingane
nord for Stad har så langt sett lovande ut, medan det i Nordsjøen på
same tid er vanskelegare. Undersøkjingane til no tyder på at 1985-
årsklassen er den sterkaste nord for Stad, og at årsklassane etterpå
fram t.0.m. 1988 har blitt svakare og svakare. Indeksen for 1989-
årsklassen er derimot nok0 høgare enn indeksen for 1988-årsklassen.
Ved desse undersøkjingane får vi også kartlagt mengd og utbreiing av
O-gruppe sild, gråsteinbit, torsk, hyse 0.a.. Krill og den tiarma
vesle blekkspruten Gonatus fabricii har kvart år vore eit viktig
innslag i faunaen i det undersøkte området. Ei grundig kartlegging av
temperatur og saltinnhald høyrer også med.
Publisher
HavforskningsinstituttetSeries
help1989 nr.27