Rømt og vill fisk i Etneelva 2022 - Resultat frå den nasjonale forskingsplattforma i Etne
Abstract
I 2022 vart fiskefella i Etneelva sett i drift 19. april og registreringa pågjekk til 12. november. Det var noko redusert fangseffektivitet i løpet av sesongen pga høg vassføring. I tilsaman 12 driftsdøgn (6% av driftstida) var fangsten i fella redusert pga mykje vatn. Tilsvarande reduksjon i fangsteffektivitet hadde vi også i 2021 (9%), 2020 (5%) og 2019 (5%). Fyrste villaks blei registrert i veke 17 og fyrste rømling i veke 24. I alt vart 4063 fiskar handtert på fella i 2022, mot 3746 i 2021, 5093 i 2020 og 2693 i 2019. Av dei registrerte fiskane var 2042 villaks,1916 sjøaure, 51 forskingsfisk, 1 pukkellaks og 53 rømte laks. I 2022 hadde 50% av villaksen vandra opp pr. veke 28, fire veker tidlegare enn rømlingane. Som tidlegare år dominerte storlaksen tidleg i oppvandringa medan terten dominerte i slutten av oppvandringsforløpet. For rømlingane registrert på fella varierte storleiken frå 0,85 kg til 9,2 kg, med ei overvekt av individ på 3,0 til 4,0 kg. Skjellkontrollen stadfesta oppdrettsbakgrunn til alle dei registrerte oppdrettslaksane. Av dei 53 registrerte rømlingane på fella, var 47% kjønnsmodne og 49% umodne. Gjennom uttaksfisket om hausten nedstraums fella i sone 1 og 2, vart det fanga 33 oppdrettslaksar. Av dei vart 3 (9%) klassifisert som modne, 25 (76%) vart klassifisert som umodne og 5 (15%) vart ikkje modningsbestemt. Frå sportsfisket blei det rapportert inn 17 oppdrettslaksar nedstraums fella, og ein regnbogeaure oppstraums. Av dei 17 rapporterte rømlingane nedstraums, vart seks verifisert ved skjellkontroll. For dei 11 andre vart det ikkje teke skjellprøve. Det vart heller ikkje teke skjellprøve frå regnbogeauren fanga oppstraums fella, men det vart lagt ved eit foto ved rapporteringa som stadfesta at dette var ein rømling. I dei resterande skjellprøvane frå sportsfisket nedstraums fella, blei det ikkje oppdaga fleire rømlingar. I skjellmaterialet av villaks teke i fiskefella er det heller ikkje funne fleire rømlingar. Basert på registreringane i fiskefella og rapporteringar av sportsfisket i Elveguiden, er andel rømt fisk i 2022 redusert frå 2,5 % til <0,1 %. Rundt 10 personar var i større eller mindre grad engasjert på fella og Havforskingsinstituttet sitt budsjett for drifta var ca 4 mill kroner med tillegg på 0,5 mill kroner frå OURO. Rømt og vill fisk i Etneelva 2022 - Resultat frå den nasjonale forskingsplattforma i Etne