Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMåge, Amund
dc.contributor.authorFrantzen, Sylvia
dc.date.accessioned2022-10-25T11:47:24Z
dc.date.available2022-10-25T11:47:24Z
dc.date.created2022-10-24T09:58:49Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3028185
dc.description.abstractSidan Sørfjorden i Hardanger er eitt av dei mest konsentrerte fruktdyrkingsområda i Norge, vart det tidlegare brukt mykje DDT til bekjemping av skadedyr. Fjorden har derfor historisk hatt særleg mykje DDT-forureining, og det er tidlegare gjort mykje overvaking og forsøk på kjeldesporing i området. I løpet av 2021/2022 har Havforskningsinstituttet, på oppdrag frå Statsforvaltaren i Vestland, gjort ei detaljert kartlegging av DDT i blåskjel frå 28 lokalitetar i Sørfjorden og frå sju referansestasjonar i Hardangerfjorden utanfor Sørfjorden samt åtte referansestasjonar i fruktdyrkingsområde i Sognefjorden. Resultata viste at det fortsatt er høge nivå av DDT i Sørfjorden, og betydeleg høgare nivå i Sørfjorden enn i begge referanseområda. Gjennomsnittskonsentrasjonane av sum DDT var på 13,1 µg/kg våtvekt i Sørfjorden, 3,44 µg/kg i Hardangerfjorden utanfor og 3,06 µg/kg i Sognefjorden. Det var altså omlag like høge konsentrasjonar i Hardangerfjorden utanfor Sørfjorden som i Sognefjorden. I Sørfjorden var det relativt høge nivå ved dei fleste stasjonane. Stasjonar som stakk seg ut med høgare nivå enn dei andre var særleg Espe med sum DDT på 60,1 µg/kg og deretter Indre Aga med 26,3 µg/kg, Trones med 20,2 µg/kg og Kråkevik med 19,9 µg/kg. DDT-nivåa målt i denne undersøkinga varierte rundt det som er målt tidlegare. Nivåa er likevel langt under miljøkvalitetsstandarden på 610 µg/kg våtvekt, noko som indikerer at nivåa ikkje er høge nok til å påverke økosystemet. Dei DDT-nivåa som er målt i blåskjel har heller inga betydning for mattryggleiken. Det er ikkje grunnlag for å konkludere med ei spesifikk kjelde ut frå desse resultata. Dei jamt forhøga nivåa tyder heller på at forureining som skuldas tidlegare DDT-bruk ligg bunde i jordsmonnet og blir transportert ut i fjorden ved avrenning. Dersom ein skal følgje opp med meir detaljert kartlegging, foreslår vi å fokusere på dei lokalitetane der vi fann dei høgaste nivåa, særlig Espe, Indre Aga og Trones.en_US
dc.language.isonoben_US
dc.publisherHavforskningsinstitutteten_US
dc.relation.ispartofRapport fra havforskningen
dc.relation.ispartofseriesRapport fra havforskningen;2022 - 29
dc.relation.urihttps://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2022-29
dc.titleDDT i blåskjel frå fruktområde i vestnorske fjordar 2021 — Prøvar frå Hardangerfjorden og Sognefjorden med vekt på Sørfjordenen_US
dc.title.alternativeDDT i blåskjel frå fruktområde i vestnorske fjordar 2021 — Prøvar frå Hardangerfjorden og Sognefjorden med vekt på Sørfjordenen_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.source.pagenumber29en_US
dc.source.issue2022 - 29en_US
dc.identifier.cristin2064213
dc.relation.projectHavforskningsinstituttet: 15763en_US
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel