Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAndersen-Fjeldheim, Kaja Christine
dc.contributor.authorAndersen-Fjeldheim, Per Tommy
dc.contributor.authorGlover, Kevin Alan
dc.contributor.authorSkaala, Øystein
dc.date.accessioned2021-04-28T09:32:32Z
dc.date.available2021-04-28T09:32:32Z
dc.date.created2021-04-26T13:11:44Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2740110
dc.description.abstractI 2020 vart fiskefella i Etneelva satt i drift 14. april og registreringa pågjekk til 13. november. Det var noko redusert fangseffektivitet i slutten av mai og i starten av november pga høg vassføring, og i tilsaman 7,5 driftsdøgn og 5 netter (5 % av driftstida) var fella i praksis ikkje i drift. Tilsvarande reduksjon i fangsteffektivitet hadde vi også i 2019 (5 %), 2018 (5 %) og 2017 (6 %). Fyrste villaks blei registrert i veke 18 og fyrste rømling i veke 25. I alt vart 5093 fiskar handtert på fella i 2020, mot 2693 i 2019. Av dei registrerte fiskane var 2772 villaks, 1921 sjøaure, 386 forskingsfisk og 19 rømte laks. I 2020 var 50% av villaksen registrert i veke 29. Som tidlegare år dominerte storlaksen tidleg i oppvandringa medan terten dominerte i slutten av oppvandringsforløpet. Den rømte laksen kom fire veker seinare enn villaksen. For rømlingane registrert på fella varierte storleiken frå 1,7-7,2 kg, med hovudtyngda på 2-3 kg og 4-5kg. Skjellkontrollen stadfesta oppdrettsbakgrunn til alle dei registrerte oppdrettslaksane. I 2020 vart eit tilfeldig utval av 25% av all laks klassifisert fenotypisk som villaks kontrollert, ved vekstmønster på skjellprøve. Av dei 693 kontrollerte, fenotypisk ville, var eitt individ (0,14 %) feilklassifisert. Av dei 19 registrerte rømlingane på fella, var 58 % kjønnsmodne og 42 % umodne. Gjennom uttaksfisket om hausten nedstraums fella på sone 1 og 2, vart det fanga 19 oppdrettslaksar. Av dei vart 18 (95 %) klassifisert som umodne og 1 (5 %) vart ikkje kjønnsbestemt. Frå sportsfisket blei det rapportert fire oppdrettslaksar, av desse vart to fanga nedstraums fella, men ein av desse viste seg ved skjellkontroll å vera villaks. Sidan det ikkje vart levert skjellprøvar av dei to potensielle rømlingane som var fanga oppstraums fella, var det ikkje muleg å verifisera klassifiseringa av desse. Av totalt 20 bekrefta rømlingar på fella, blei 95% av desse effektivt fjerna og andelen rømlingar i gytebestanden vart redusert frå 0,7% til 0,04% utan korreksjon for uttak i sportsfisket. Rundt 10 personar var i større eller mindre grad engasjert på fella og Havforskingsinstituttet sitt budsjett for drifta var ca 4 mill kroner med tillegg på 0,5 mill kroner frå OURO.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHavforskningsinstitutteten_US
dc.relation.ispartofRapport fra havforskningen
dc.relation.ispartofseriesRapport fra havforskningen;2021 - 12
dc.relation.urihttps://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2021-12
dc.titleRømt og vill fisk i Etneelva 2020 - Resultat frå den nasjonale forskningsplatforma i Etneen_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.source.pagenumber16en_US
dc.source.issue2021 - 12en_US
dc.identifier.cristin1906424
dc.relation.projectHavforskningsinstituttet: 14891-02en_US
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel