Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkaala, Øystein
dc.contributor.authorGlover, Kevin
dc.contributor.authorFjeldheim, Per Tommy
dc.contributor.authorKaja Christine, Andersen
dc.date.accessioned2019-06-06T11:28:09Z
dc.date.available2019-06-06T11:28:09Z
dc.date.created2019-05-28T13:30:57Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2600150
dc.description.abstractI 2018 vart fiskefella i Etneelva sett i drift 16. mars og registreringa pågjekk til 10. november. Det var noko redusert effektivitet på grunn av høg vassføring i periodar mellom 15. september til 17. oktober, og til saman ca 13 av 262 driftsdøgn (5%) var fella i praksis ikkje i funksjon. Til samanlikning hadde fella i 2017 redusert drift i 11dagar (6 %) og i 13 dagar i 2016. Fyrste villaks og rømlingar vart registrert i veke 17 (siste veka i april). I alt vart 2473 fiskar handtert på fella i 2018, mot 3047 i 2017. Av dei registrerte fiskane i 2018 var 1596 villaks, 796 sjøaure og 81 rømt oppdrettsfisk, mot høvesvis 1965 villaks, 1002 sjøaure og 75 rømte laks og 3 rømte regnbogeaurar i 2017. I 2018 var 50% av villaksen registrert i veke 31 og sjøauren veke 28. Som tidlegare år, dominerer storlaksen tidleg i oppvandringa medan terten dominerer i slutten av oppvandringsforløpet. Den rømte laksen låg om lag 2 veker etter. For rømlingane som vart registrert på fella, varierte storleik frå 0,4 til 9,7 kg, med hovudtyngde frå 3,0 til 5,5 kg. Skjellkontrollen stadfesta oppdrettsbakgrunn til alle dei registrerte oppdrettslaksane. I 2018 vart også all laks som var klassifisert fenotypisk som villaks, kontrollert med vekstmønster på skjellprøve. Av dei 1596 kontrollerte, fenotypisk ville, var 2 individ (0,1 %) feilklassifisert. Av dei 81 registrerte rømlingane på fella, var 55 (68 %) klassifisert som kjønnsmodne og 26 (32 %) som umodne. Gjennom uttaksfisket om hausten nedstraums fella på sone 1 og 2, vart det fanga 29 rømlingar mot 27 i 2017. Av dei 29, vart 26 (90 %) klassifisert som umodne og 10 % var ubestemt. Fangsteffektiviteten på fella vart målt ved tre ulike metodar; i) kontroll av «merka» og umerka fisk gjennom det ordinære sportsfisket i perioden 15. juni til 15. august, ii) gjennom stamfisket om hausten, iii) gjennom gytefiskteljinga utført av dykkarar frå NORCE (tidlegare Uni-Research). Av 140 rapporterte laksar i sportsfisket i 2018, var 135 rapportert merka. Det gir ein fangsteffektivitet på 96% mot 97% i 2017. I sportsfisket vart det rapportert 1 rømt fisk ovanfor fella, dvs ein fangsteffektivitet på over 99 % mot 96% i både 2017 og 2016. I stamfisket var 52 av 60 (87 %) av fisken merka. Under gytefiskteljing gjennomført av NORCE to veker etter at fella var demontert, vart det observert 7 rømlingar ovanfor fella. Av desse vart 3 avliva. Det betyr at av totalt 88 rømlingar vart 81 (92 %) fjerna på fella, og andel rømt laks vart redusert frå 5,5 % til <0,3 %, utan korreksjon av bestandsstorleik og uttak i sportsfisket. Rundt 10 personar var i større eller mindre grad engasjert på fella og Havforskingsinstituttet sitt budsjett for drifta var 3,3 mill kroner inkludert 0,5 mill kroner frå OURO.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHavforskningsinstituttetnb_NO
dc.relation.ispartofRapport fra havforskningen
dc.relation.ispartofseriesRapport fra havforskningen;2019 - 11
dc.relation.urihttps://www.hi.no/templates/reporteditor/report-pdf?id=17566&99201323
dc.titleOURO Etneelva 2018nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.source.pagenumber16nb_NO
dc.source.issue2019 - 11nb_NO
dc.identifier.cristin1700876
dc.relation.projectHavforskningsinstituttet: 14891-02nb_NO
cristin.unitcode7431,23,0,0
cristin.unitnamePopulasjonsgenetikk
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel