EPIGRAPH kartlegg påverknad på økosystemet i Hardangerfjorden
Abstract
Forskingsprogrammet EPIGRAPH skal dokumentera og kartleggja menneskeleg påverknad på økosystemet i Hardangerfjorden. Dei første resultata frå prosjektet viser få endringar hos tang- og tarebestandane sidan 1950-talet, men i delar av fjorden er det uvanleg mykje påvekstalgar. Mengda av oppdrettsfisk har auka så mykje at det øydelegg effekten av oppdrettarane sin innsats for å avlusa oppdrettsfisken.
Publisher
HavforskningsinstituttetSeries
HavforskningsnyttNr. 10 - 2008