Mengdemåling av sei, Finnmark - Møre, hausten 1998
Research report
View/ Open
Date
1998Metadata
Show full item recordCollections
- Fisken og havet (1958- ) [700]
Abstract
Eit akustisk tokt med sikte på å kartleggja geografisk utbreiing og framskaffa mål for tal og vekstdata
hos sei og annan botnfisk har vore gjennomført på kystbankane i oktober-november sidan
1985.
Seien er vanlegvis ikkje rekruttert til toktet før han er 3-4 år. I det nordlegaste området var det mest
4 - 6 år gama1 sei, elles dominerte 4-åringane. Det vart registrert meir 5 år gamal og eldre sei enn
nokon gong tidlegare i tidsserien, nesten 20 % meir enn i 1997, som også var eit rekordår. Det vart
dessutan funne litt fleire 2- og 3-åringar enn i 1997, noko som kan tyda på betre rekruttering. I 1997
vart det registrert betre vekst for alle aldersgrupper, og den utviklinga heldt fram i 1998 for dei
fleste aldersgrupper.
Ulike aldersgrupper av hyse har alltid vore talrike i dette toktet, og som i fjor ser 1996-årsklassen ut
til å vera betre enn dei omkringliggjande. Nord for Vesterålen vart det registrert omlag 30.000 tonn
torsk, og av dette utgjorde norsk-arktisk torsk ein mykje mindre del enn i dei føregåande åra. Frå
Vesterålen og sørover var det berre små fangstar og registreringar av torsk.
Publisher
HavforskningsinstituttetSeries
Fisken og havetNr.19 - 1998