Mengdemåling av sei : Finnmark - Møre, hausten 1999
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/113149Utgivelsesdato
2000Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Fisken og havet (1958- ) [700]
Sammendrag
Eit akustisk tokt med sikte på å kartleggja geografisk utbreiing og framskaffa mål for tal og vekstdata hos sei og annan botnfisk har vore gjennomført på kystbankane i oktober-november sidan 1985.
Seien er vanlegvis ikkje rekruttert til toktet før han er 3-4 år. I dei tre nordlegaste områda var det mest 3 år gamal sei, og indeksen for 3-åringar er ein av dei høgaste i tidsserien. Ellers vart det funne
ein del 4 og 5 år gamal fisk i det nordlegaste området (Finnmark - Troms), men det var ein sterk reduksjon i talet på 4 år gama1 og eldre fisk i høve til 1998. Registrert gytebiomasse var 35% lågare enn i fjor. I det sørlegaste området (Møre) vart det registrert litt meir 2-åringar enn 3-åringar og lite eldre fisk.
Ulike aldersgrupper av hyse har ofte vore relativt talrike i dette toktet, og som i fjor ser 1996-årsklassen ut til å vera talrik og betre enn dei omkringliggjande. Nord for Vesterålen vart det registrert mykje mindre torsk enn i føregåande år og om lag berre halvparten så mykje som i 1998. Frå
Vesterålen og sørover var det som vanleg berre små fangstar og registreringar av torsk.
Utgiver
HavforskningsinstituttetSerie
Fisken og havet2000-05